Kunsten å vera kunstnar

Vossa Jazz-utstillinga Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem
Vossa Jazz-utstillinga Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem

Klart det er stas når sjølvaste Sveiung Iversen er årets Vossa Jazz-kunstnar! Dette veit Voss Kunstlag å setja pris på, som kjenner si besøkstid og stiller ut bilete frå heile karriera hans. Ikkje berre har han laga årets festivalplakat (fin symbolikk i springande figur – kan det vera Vossa Jazz-sjefen?), det er også Iversen som har formgjeve den fabelaktige logoen. Ein kan sjå fram til ein spesiallogo til neste års 50-årsjubileum! Musikkstudentane frå NTNU si jazzlinje stod oppover etasjane og song av full hals og fylte kulturhuset frå tak til kjellar med nydelege tonar. Det visste det rekordstore publikummet å setja pris på.

Del gjerne!