Lastar Hendingar
Vossakveik

Vossakveik: Vossarebell

  • Denne hending er over.
torsdag 26. mars

Kl 16:00

Voss er ei heldig bygd – me har folk som vil noko. Hjå oss går galskap og sunn fornuft stadig vekk hand i hand. Det er i alle fall slik omverda ofte ser oss. Er dette rett og slett nøkkelen til suksess? Ofte er det rebellen som går i front – galskap har rett og slett ført oss langt.

FRÅ REBELL TIL MEGASUKSESS
v/ Putte Svensson – svenskerebell
Svensson har i fleire år stått høgt oppe på ynskjelista til Vossakveik – endeleg kjem han! Han er ein prisvinnande entreprenør som har gått vegen frå musikkelskande rebell til verdskjend entreprenør. Under mottoet «vil du ha noko gjort, får du gjera det sjølv» skapte Putte og venegjengen i si tid Hulsfredsfestivalen i Sverige og deretter Rock City Road, som no har 70 tilsette og ein omsetnad på over 100 millionar. No kjem han til Voss for å kveika bygda; kva skal til for at Voss vert ei føregangsbygd når det gjeld utvikling og nyskaping? Har me noko å læra? Ein ting er sikkert: Putte Svensson kjem til å overraska deg!

LOKALT VIDSYN
v/ Linda Eide – vossarebell
Det er vanskeleg å sjå det som ligg rett framfor nasetippen vår. Me er rett og slett nærblinde. Kvifor evnar me ikkje å sjå våre eigne skattar? Kva har me å vinna og kva har me å tapa?

Make your universe small, seier forteljarguru Robert McKee. Det er poenget:  å skapa noko andre kan kjenna att. Det er få som kan assosiera seg med det steinrike oljelandet Noreg. Dei aller fleste vil derimot kjenna seg att i historia om ein gamal veg, bygdekinoen, slitt trapp på eit gymnas, ei drosjebu… Ikkje fordi den finst andre stader, men fordi fenomenet fins på ein eller annan måte, og skapar same klangbotn i ulike hjarter. Ikkje nostalgi for nostalgien si skuld. Men for menneska si skuld. Linda Eide er engasjert og ho kjem garantert til å engasjera deg òg!

Det blir debatt og musikalsk smakebit frå årets Tingingverkkomponist: Live Maria Roggen.

ANDERS WAAGE NILSEN leiar oss gjennom seminaret.

Sal av suppe, snacks og ulike drikkevarer.

Alle er hjarteleg velkomne!

Pris: 300 per person + gebyr. Kjøp billettar hjå TicketCo.