Lastar Hendingar

Vossakveik

  • Denne hending er over.
torsdag 22. mars

Kl 16:30

VOSS – bygd for alle?

Kan me verta banebrytande gode på inkludering?

Vossakveik er seminaret for deg som ynskjer fagleg og sosialt påfyll. Ta med deg kollegaer, kundar eller rett og slett naboen og bli med på ein inspirerande ettermiddag og kveld!

ZAINEB AL-SAMARAI
er jurist, stortingsrepresentant og styreleiar i Holmlia sportsklubb. Ho vil snakka om sine gode røynsler  med inkludering i idretten.

AIMAN SHAQUARA
er gründar og tidlegare flyktning. Han vil fortelja om suksess i arbeidslivet.

PELLEGRINO RICCARDI
er tverrkulturell ekspert, lærar og  rockemusikar og eit fyrverkeri av ein motivator! Les gjerne meir om har her.

Det vert eksklusive smakebetar frå Tingingsverket med EIRIK HEGDAL.

Seminaret vert leia av ARNE HJELTNES.

Billetten inkluderer ein matbit og ei eining drikka. Kjøp billettar hjå TicketCo. Festivalpass til Vossa Jazz gjeld ikkje Vossakveik.

Det vert sal av god lokal mat og drykk. Dørene opnar kl 15:00 og baren held ope utover kvelden.

Velkomen!