Lastar Hendingar

Vossakveik

  • Denne hending er over.
torsdag 17. mars

Kl 16:30

Det skjer mykje i regionen for tida. Veg, jernbane og sentrumsutvikling er under lupa. Kva er rett veg å gå?

Frank Aarebrot – Professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, førelesar, debattant og møteleiar. Han er kanskje mest kjent som politisk kommentator og valekspert. Det blir spanande å høyra korleis han ser på Voss!

Alexandria Algard – Etablerte eige arkitektkontor i Stavanger i 2012. Ho har studert og jobba i utlandet, mellom anna i Danmark, Tokyo, New York, Rotterdam og Sveits. Ho har jobba for å setja urbane problemstillingar på agendaen og i 2015 vart ho valt til president i Norske Arkitekters Landsforbund (NAL).

Putte Svensson – Prisvinnande entreprenør som har gått vegen frå musikkelskande rebell til verdskjend entreprenør. Under mottoet «vil du ha noko gjort, får du gjera det sjølv» skapte Putte og venene i si tid Hulsfredsfestivalen i Sverige og deretter Rock City Road. No kjem han til Voss for å kveika oss, har me noko å læra?

Musikk  – Det vert eit eksklusivt musikalsk møte med årets Tingingsverkkomponist Nils Økland og impro med John Pål Inderberg og Bjørn Alterhaug!

Paneldebatt leia av Frank Aarebrot.

Frå kl 15:00 er baren og uteserveringa er open. Inkludert i billetten får du ei Vossa Jazz-pylsa og ei flaske Fela Vossing (evt. eit glas med noko anna). Etter seminaret får du kjøpt hamburger frå Vossakjøt og me held baren open utover kvelden. Det er duka for ein heilaftan!

Alle er hjarteleg velkomne!