Lastar Hendingar

Vossakveik 2013: Nyskaping og kreativitet

  • Denne hending er over.
torsdag 21. mars

Kl 15:00

 
Linda Eide: Skrik og Vigelandsparken

Eit resultat av Nyskaping frå Voss &ndash, slik kan ein også sjå det! Linda har til denne Vossakveiken sett nærare på den kulturelle nyskapinga som Voss har tilført det kunstnariske Noreg opp gjennom historia. Eit fascinerande prosjekt med overraskande og ikkje minst informative

Stig Roar Wigestrand: Kva må til for å lukkast med nyskaping

Stig Roar har doktorgrad i improvisasjon, med fokus på vellukka endrings- og nyskapingsprosessar, og er også ein internasjonalt kjent jazzfiolinist. Han er mykje brukt som nyskapings-fasilitator og føredragshaldar.

Gry Sinding: SkapDinDrømmejobb

Gry har lang erfaring frå næringslivet som coach. I dag er ho mest kjent som ein pion‚r i Noreg med sine online-kurs for grndarar, med basis i eiga karriŠre, læring og &ldquo,dyrkjøpte&rdquo, erfaringar &ndash, både gode og dårlege. Du kan venta deg eit foredrag fullt med energi og engasjement.

Musikalsk smakebit ved Tingingsverkkomponist Stian Carstensen.

Kjøp billett hjå Billettservice innan 19. mars: www.billettservice.no / 815 33 133 / Posten / Narvesen eller Billettservice si gruppeavdeling på 815 33 321 evt. send e-post til grupper@billettservice.no


Meir om Gry Sinding:
Gry har lang røynsle som &ldquo,forretningskvinne&rdquo, frå næringslivet og som coach &ndash, men ho er i dag mest kjent som ein pioneer i Noreg innan online-kurs for grndarar. Med basis i hennar eigen karriere, læringar og &ldquo,dyrkjøpte&rdquo, røynsler &ndash, både gode og dårlege &ndash, har Gry laga kurset SkapDinDrømmejobb (SDD) &ndash, eit webbasert treningsprogram som gir andre grndarar kunnskap, inspirasjon og energi til å skapa sin eigen suksessfulle business. SDD-kurset lærer grndarar korleis ein kan få fleire kundar, og tjene meir pengar i sin business &ndash, slik at ein kan lukkast med drøymejobben og leve det livet ein ynskjer. &rdquo,SDD konseptet&rdquo, inkluderer også høve for gruppecoaching, Noregs kulaste event: &ldquo,SDD Live&rdquo,, samt det omfattande treningsprogrammet SDD MasterMind som går over ni månader. Gry er også ein populær føredragshaldar og ho har nyleg halde foredrag for HøyeHæler, Kvinnemiddagen, fleire Kvinnovasjon-konferansar, samt for næringslivet generelt.

Meir om Stig Roar Wigestrand:
Stig Roar har doktorgrad i improvisasjon, med fokus på vellukka endrings- og innovasjonsprosessar. Han er ein mykje brukt innovasjons-fasilitator og føredragshaldar, med monaleg røynsle frå store kunnskapsmiljø i offentleg så vel som privat sektor. Stig Roar har arbeidd som førsteamanuensis i pedagogikk ved Universitetet i Stavanger og Høgskolen i Vestfold, og er også ein internasjonalt kjend jazzfiolinist. Han har arbeidd i innovasjonsselskapet Innoco sidan 2009, og er dessutan ein ivrig vedhoggar.