This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.


Vossa Jazz-utstilling
- Denne hending er over.
Me er stolte over å kunne presentera neste års Vossa Jazz-kunstnar: gatekunstnaren ITPD.
ITPD er ein bergensbasert kunstnar med bakgrunn som fotograf og teiknar. Fleire av verka hans kan sjåast på veggar i Bergen og Fyllingsdalen. Den anonyme gatekunstnaren er inspirert av legender som AFK og DOLK, og han reknar seg sjølv som ein «old school-kunstnar», med sjablong og spray som viktigaste verktøy. Fleire av verka hans er prega av eit sterkt politisk medvit og velutvikla formkjensle.
Dette er fyrste gong me har ein gatekunstnar som festivalkunstnar, og utstillinga 2021 vil verta presentert både utandørs på Vangen og inne i utstillingsrommet på Voss Kulturhus.
Verket som prydar Vossa Jazz-plakaten 2021 er ein hyllest til Per Jørgensen. Heilt sidan tenåra har festivalkunstnaren vore opptatt av den norske trompetisten sitt fantastiske lydrike og spesielt den musikalske galskapen Jørgensen bidreg med i trioen Jøkleba. Originalen av årets plakat kan du sjå i parkeringshuset Vossapark på Voss.
Dagleg leiar i Norsk Jazzforum, Gry Bråtømyr opnar Vossa Jazz-utstillinga.
Tilskipinga er gratis, men hugs at du må ta ut billett! Det er avgrensa kapasitet.