fredag 23. mar - 16:00

Jazzlinja ved Griegakademiet i Bergen har runda ti år, og det er på høg tid at også Vossa Jazz får stifta bekjentskap med desse unge, talentfulle og engasjerte musikarane.

Til festivalen kjem gjengen frå 1. og 2. årskull med materiale dei har jobba fram gjennom prosjekt i løpet av det siste halvåret. Me får oppleva dei i fleire settingar gjennom heile festivalen.

Peter Søreide – gitar
Andreas Hatzikiriakidis – trompet
Gaute Ullestad Moen – trommer
Torkil Hjelle – bass
Anders Hjemmen – bass
Aksel Røed – saksofon
Isach Skeidsvoll – piano
Sigurd Øygard Steinkopf – slagverk
Ørjan Vollvik – trompet
Simen Walle – gitar
Andrea Ådland – vokal
Freddy Banker – gitar