• This event has passed.

Tingingsverk 2013: Stian Carstensen

laurdag 23. mar 2013

Det er ikkje utan eit visst forventningspress årets tingingsverkskomponist kjem til Vossa Jazz 2013: Multiinstrumentalisten Stian Carstensen har vitja fleire gongar før i ymse regiar og alltid til stormande jubel. No kjem han til udekka bord som han sjølv freistar fylla med musikalske godbitar. Han skildrar seg sjølv som meisterkokken som skal tilretteleggja eit fleirrettars musikalsk gilde med fråtsing og kraftige innhogg i det beste frå musikkhistoria. Han er, kan ein seia, tilbake til kulinariske innfall frå den spede starten då han som gutunge turnerte i Nord-Dakota saman med far og bestefar med den sjølvkomponerte låten &rdquo,If I could only get a little Lefse&rdquo,. Kokken uttalar sjølv:

– Dette blir spaghettiwestern-gitar anrettet på en seng av spinettbasert polyfon fugemasse akkompagnert av harpeklang. Det hele serveres uvørent på et strykebrett av truede taktarter og smakes til med sviskekomplott.

Carstensen vaks opp og bur framleis på Eidsvoll, der han mellom anna er æresmedlem i Eidsvoll Jazzklubb. Etter endt utdanning ved Jazzlinja i Trondheim er han kanskje best kjend frå Farmers Market der han får fullt utløp for sine virtuose evner til å traktera trekkspel, fløyte og banjo og sin hugleik for balkanmusikk. Han har også gitt ut ei rekkje soloalbum og har samarbeidd med eit utal artistar som Elias Akselsen, Jimmy Rosenberg og Kaizers Orchestra, for å nemna nokre.

Denne gongen tek han også i bruk klassiske verkemiddel: –Verket blir basert på klassiske europeiske tradisjoner, her blir ikkje så mykje henta frå den amerikanske jazztradisjonen. I staden blir det strykarar, harpe og cembalo. I botnen av dette ligg dei austeuropeiske rytmane.

Tingingsverket vert utframført i Vossasalen 23. mars 2013 kl 18.

Klypp frå Carstensen si gruppe Gammalgrass: http://www.youtube.com/watch?v=j6eRXxm2pkI

Medverkande:
Stian Carstensen – gitar, trekkspel, fløyte, banjo, m.m.
Jarle Vespestad – trommer
Finn Guttormsen – bass
Torbjørn Dyrud – cembalo, el-piano, orgel
Sidsel Walstad – harpe
Ola Kvernberg – fiolin
Atle Sponberg – fiolin
Mats Rondin – cello