Lastar Hendingar
Foto Juliane Schütz

Team Hegdal

  • Denne hending er over.
fredag 31. mars

Kl 22:30

Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.


Team Hegdal kjem til Vossa Jazz med si femte utgjeving i bagasjen!

«Vol 5» er den fyrste kvartettplata sidan «Vol 1» (2010). «Vol 2-4» er rike på musikalske gjester, med eminente musikarar som Mattias Ståhl, Ola Kvernberg og Oscar Grönberg. Denne gongen står André Roligheten, Ole Morten Vågan, Gard Nilssen og Eirik Hegdal støtt aleine, med musikk komponert av sistnemnde.

Hegdal har utsøkt melodisk og harmonisk teft kombinert med ein til tider absurd humor. Sjangergrensene ligg opne: Ein liten dæsj frå Messiaen her, litt Gil Evans der, og heile tida med subtile stikk til jazzhistoria.

Spellemannsvinnarane i Team Hegdal er virtuose, både som individ og som ensemble. Dei boltrar seg i nysgjerrig samspel, og ynskjer oss velkomne inn i si leikekasse!

 

Medverkande:
André Roligheten – saksofonar, bassklarinett
Ole Morten Vågan – kontrabass
Gard Nilssen – trommer
Eirik Hegdal – saksofonar, klarinett

English:
Team Hegdal is coming to Vossa Jazz with their fifth release in tow!

«Vol 5» is the first quartet album since «Vol 1» (2010). «Vol 2-4» feature many musical guests, including Mattias Ståhl, Ola Kvernberg, and Oscar Grönberg. This time, André Roligheten (saxophones/bass clarinet), Ole Morten Vågan (double bass), Gard Nilssen (drums), and Eirik Hegdal (saxophones/clarinet) are standing alone, with music composed by the latter.

Hegdal has an exquisite sense of melody and harmony combined with a sometimes absurd sense of humor. Genre boundaries are open: a little bit of Handel’s Messiah here, some Gil Evans there, and always with subtle nods to jazz history. The members of Team Hegdal, winners of the Spellemann award, are virtuosos both as individuals and as an ensemble. They thrive in curious interaction and welcome us into their playpen!


Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.