Lastar Hendingar

Superjazz med Supergruppo og Proffene

  • Denne hending er over.
sundag 26. september

Kl 14:00

Det vert tradisjonen tru Superjazz på Vossa Jazz! Denne gongen får me storfint besøk frå Bergen.

Proffene har sidan 1988 gledd folk i alle aldrar ved å opptre i inn- og utland. Dei har som målsetjing å vere med på å skape eit betre samfunn ved å endre haldningar og ved å vise at ekte glede gjer menneska positive!

Proffene vil engasjere seg i samfunnsdebatten, og håpar dei kan bidra til å få eit «rikare» og betre samfunn å leve i.

Når dei no skal opptre saman med Supergruppo på Superjazz vil det garantert bli ei positiv oppleving både for utøvarar og publikum!