Lastar Hendingar
Ola og Ingrid

Steinkopf & Lauvås

  • Denne hending er over.
sundag 29. mars

Kl 11:30

Duoen består av Ingrid Øygard Steinkopf og Ola Volden Lauvås. Dei er begge erfarne, unge musikarar som er komne langt på sine instrument. Dei ynskjer begge ei framtid innan musikken og satsar aktivt på yrket som musikar.

Ingrid starta å spele piano då ho var 10 år. Etterkvart vart ho dregen inn i jazzmiljøet på Voss gjennom Voss jazzskule og John Taylor. Dei siste to åra på Kongshaug Musikkgymnas var ho òg med på talentutviklingsprogrammet til Griegakademiet. Ingrid har vore aktiv i musikkmiljøet i Vaksdal og omegn med kor, korps, kulturskule, band og prosjekter heilt fram til hausten 2014, då ho flytta til Sverige. No er ho m.a. aktuell som pianist i kvintetten Granny Smith og i syskentrioen Steinkopf Trio.

Ola har spelt trompet sidan han var 4 år og har spelt både klassisk og jazz. Parallelt som han gjekk vidaregåande skule var han òg med på NTNU sitt talentutviklingsprogram, «Unge musikere.» No er Ola m.a. aktiv i Midt-norsk Ungdomsstorband og som trompetist i kvintetten Polaris Quintet. Hausten 2014 signerte han artistkontrakt med trompetprodusenten Eclipse.

Begge har allereise motteke fleire prisar.

Musikken som duoen spelar er melodiøs, vakker jazz som er inspirert av m.a. klassisk og folkemusikk. Dei hentar inspirasjon frå t.d. duoen Paolo Fresu og Uri Caine, men òg frå norske salmar og naturomgivnadane i Jämtland. Duoen verdset klang og tone og brukar det som eit verkemiddel i samspelet. Begge skriv musikk sjølv.

Ingrid Øygard Steinkopf – piano
Ola Volden Lauvås – trompet, flygelhorn

Konserten er gratis.

Lydfil: Aprés (skriven av Paolo Fresu).