Lastar Hendingar
Soga om Seselja

Soga om Seselja

  • Denne hending er over.
laurdag 19. mars

Kl 13:00

Ruth Lillegraven frå Granvin vann Brageprisen for diktsamlinga Urd i 2013. Stilsikkert og stemningsfullt manar ho fram to samanvevde kvinneskjebnar: Den einslege syerska Seselja lever sitt rolege liv i ei stove ved fjorden på tidleg1900-tal. Hundre år seinare kjem etterkomaren Cecilie til gards og overtek huset hennar.

I framsyninga Soga om Seselja møter me dei spesielle kvinnene gjennom ord, song og tonar. Rannveig Djønne og Tuva Syvertsen toneset den vakre fortellinga med ein kombinasjon av nyskriven og tradisjonell folkemusikk. Den framifrå toradarspelaren Rannveig Djønne frå Ullensvang er ei av dei fremste tolkarane av den rike folkemusikktradisjonen frå Hardanger. Hardingfelespelaren Tuva Syvertsen er kanskje landets best kjende folkemusikar – med Valkyrien Allstars har ho henta fram «rocken» som gøymer seg i den tradisjonsrike sjangeren, og formidla han på store scenar og festivalar som folkemusikken altfor sjeldan får vist seg fram på.

Merk: Tuva Syvertsen må diverre melda fråfall grunna sjukdom, men me er så heldige å få inn supervikaren Annlaug Børsheim på hardingfele.

Ruth Lillegraven – opplesing
Rannveig Djønne – toradar
Annlaug Børsheim – hardingfele


Ruth Lillegraven opnar 2016-festivalen!
Vossa Jazz kan stolt melde at Ruth Lillegraven skal stå for den offisielle opninga av Vossa Jazz 2016.

FB-Lillegraven


 

English
Ruth Lillegraven won Brageprisen 2013 for her poetry book Urd. With great poetic emotion she depicts the entangled fates of two women. The lonely seamstress Seselja lives a quiet life in a house in Hardanger in the early 20th century. A hundred years later her descendant Cecilie moves into the same house. In Soga om Seselja the story is told through words and music – Ranveig Djønne (accordion) and Tuva Syvertsen (Hardanger fiddle) contributes with both new compostitions and traditional folk tunes.