Sigrid Moldestad kjem til Vossa Jazz med sin kraftfulle blanding av folk, vise- og tradisjonsmusikk. Ho er ein artist med eit sterkt forteljarhjarte og evne til å berøre tilhøyrarar med vakker melankoli og leiken kraft.
Moldestad har sin bakgrunn i felespelet og folkemusikken. Spesielt har ho fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heimområde, den vesle bygda Breim i Nordfjord. Med denne arven som inspirasjon og rot har ho utvikla sitt eige musikalske uttrykk i grenselandet mellom tradisjonar og nyskaping, folkemusikk, pop og visesong.
Den nyaste plata hennar, «Vere her» (2017), er ei maktoppvisning i sjangerbalansering, innsiktsfulle tekstar og fengjande musisering. «Nå er det på tide folk får opp ørene for hvilken artistisk juvel denne damen er», skreiv Svein Andersen (Aftenposten) i sin omtale av plata. Bandet hennar er sett saman av det beste vårt vene Vestland har å by på av kvalitetsmusikarar – ikkje gå glipp av denne konserten!
English:
Sigrid Moldestad is an artist with a rare gift for conveying beautiful melancholy and playful force. Her musical roots is the traditional folk music of her hometown Breim in Northwestern Norway. With this foundation she has built a unique expression, mixing traditions with new ideas from folk, pop and other genres.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookies
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.