This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.


Roberto Ottaviano: Eternal Love
Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.
Roberto Ottaviano er ein av dei leiande musikarane på den italienske jazzscena. Dei siste åra har saksofonisten stukke av med både kritikarprisen i Musica Jazz og publikumsprisen i Jazzit. Både kritikarar og fans i dei to største jazzblada i Italia var altså samde: Ottaviano er fantastisk!
Den skyhøge kvaliteten på musikken hans er eit resultat av år med lytting og speling, og sjølvsagt også dei nøye utvalde musikalske samarbeidspartnarane hans: Den engelske pianisten Alexander Hawkins, bassist Giovanni Maier, trommeslagar Zeno De Rossi og klarinettist Marco Colonna.
På sisteplata Eternal Love hedrar Ottaviano Afrika: både kulturen, musikken og menneska. Med eit utval komposisjonar av Don Cherry, Abdullah Ibrahim, Charlie Haden, John Coltrane, Dewey Redman, Elton Dean i tillegg til originalkomposisjonar, vert lyttaren invitert til å høyre forbi tonane, til ei indre djupn av kollektiv styrke og klangfullt samvere.
Medverkande:
Roberto Ottaviano – saksofon
Marco Colonna – klarinettar
Alexander Hawkins – piano
Giovanni Maier – bass
Zeno De Rossi – trommer
Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.
Support: Programmazione Puglia Sounds 2023