• This event has passed.
sundag 29. mar 2015

Etter at Peter Evans gjekk ut frå det kjende Oberlin Conservatory of Music i USA flytta han til New York i 2003 og har sidan jobba seg inn og opp i jazzmiljøet i byen. Evans trivst innan mange greiner av moderne musikk og jobbar stadig med korleis han kan variera uttrykket gjennom instrumentet sitt. Trompetisten jobbar mot det avantgarde, utan at det treng skrema nokon. Han vert rekna som ei leiande stemme på sitt område og har laga fleire oppdragsverk for mellom andre Contemporary Ensemble, Yarn/Wire, Donaueschingen Musiktage Festival, Jerome Foundation’s Emerging Artist Program og var i 2014 Artist-in-Residence på The Issue Project Room i Brooklyn. Kanskje du såg han i Mostly Other People Do The Killing på Nattjazz i 2010? Du har heile to sjansar til å få med deg Evans medan han er på Voss – sjekk også ut korleis han trakterer trompeten saman med Rodrigo Amado Motion Trio!

Peter Evans – trompet

 http://musicians.allaboutjazz.com/peterevans

ENGLISH
Peter Evans is comfortable within several branches of modern music and is constantly working on how to express himself. The trumpetist leans towards avantgarde and is considered a leading voice in this field. He has made a number of commissioned words for festival and was Artist-in-Residence at The Issue Project Room in Brooklyn in 2014. He is also a member of the highly successful Mostly Other People Do The Killing. At Voss you have the chance to see him perform both solo and along with Rodrigo Amado Motion Trio