Lastar Hendingar

Needlepoint

  • Denne hending er over.
fredag 24. september

Kl 21:45

OBS! Til denne konserten kan du kjøpa enkeltbillett eller billett som òg inkluderer konserten til Jonas Alaska (2 i 1: Jonas Alaska og Needlepoint).

 

Kva skjer om ein kombinerer Robert Wyatt og Syd Barrett sine melodiske verdsbilete med dei beste og sprøaste bitane frå 70-tals fusion og progrock? Pluss litt av den lause og leikne kjensla av tidleg Weather Report og det drivande groovet til Chic Corea-plata Return to Forever?

Nei, ein får vel ikkje eigentleg den siste Needlepoint-plata, men ein får i det minste ein form for relevant referansepunkt!

Utforskinga av desse samansette musikalske innfallsvinklane byrja allereie på den førre plata, men på The Diary of Robert Reverie (2018) sit desse elementa som ski på beina til nordmannen: ubesværa, humørfylt, entusiastisk og leikande lett.

Olaf Olsen er ein dynamisk virvelvind bak trommesettet, og tangentmeister David Wallumrød spelar så organisk at ein skulle tru lyden veks rett opp av jorda og ut høgtalarane. Produsent og bassist Nikolai Hængsle knyter det heile saman med fantastisk bassing, og er ikkje redd for å skru på fuzzpedalen når det trengst. Bjørn Klakegg sitt unike og kreative gitarspel går som ein raud silketråd gjennom låtane, frå mjuk, varm jazz til vill rockeheroisme.

Mange av tekstane frå den nye plata er inspirerte av nærmiljøet i den svenske bygda der Bjørn bur – med hovudpersonen Robert – den draumande einstøingen.

Bjørn Klakegg – vokal, gitar
David Wallumrød – hammond, tangentar
Olaf Olsen – trommer
Nikolai Hængsle – bass
Markus Arnet – lyddesign