Lastar Hendingar

Møster/Edwards/Knedal Andersen

  • Denne hending er over.
laurdag 24. mars

Kl 23:45

Den bergenske saksofonkongen Kjetil Møster kjem attende til Vossa Jazz, denne gongen som del av ein trio av storleiker på den skandinaviske og britiske improvisasjonsscena.

Møster kjenner mange godt frå band som Datarock, Ultralyd, Bergen Big Band og Møster!. (Kven kan vel gløyme Møster!-gjengen sin rytmiske energiutblåsning under fjorårets urframføring i Vossasalen?) Knedal Andersen jobbar med band som SAKA, AKODE og ei rekkje leiande musikarar frå den europeiske improvisasjonsscena. Britiske John Edwards er ein legende innan feltet og spelar jamnleg med mellom andre Peter Brötzmann, Paul Lovens, Louis Moholo-Moholo, Evan Parker, og eit dryss med andre stjerner som Mulatu Astatke.

Dette er improvisasjon for vidarekomne – groovy, spanande og fritt som fuglen!

Kjetil Møster – saksofon
Dag Erik Knedal Andersen – trommer
John Edwards – bass

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

English:
Bergen based virtuoso saxophone player Kjetil Møster returns to Vossa Jazz as part of a great British/Scandinavian avantgarde jazz trio. This is cutting-edge improvisation – groovy, exciting and free spirited!