Lastar Hendingar

Meadow

8. september 2012 kl.15:00

Tore Brunborg er meir aktiv enn på lenge. CD-aktuell er han både med tingingsverket &quot,Scent of Soil&quot, han laga til Vossa Jazz i 2010 saman med Kirsti Huke og endå meir aktuell med Tord Gustavsen kvartett på ECM.

Pianisten John Taylor har ein imponerande musikalsk CV. Eitt av banda ein hugsar med spesiell glede var trioen Azimuth der Taylor spelte med vokalist Norma Winstone og trompetaren Kenny Wheeler, men Taylor har også fartstid med Jan Garbarek, Gil Evans, Lee Konitz og Enrico Rava, for å nemna nokre. I dei seinaste åra har han vore aktuell med ein trio der bassist Marc Johnson og trommeslagar Joey Baron inngår.

Thomas Strønen er truleg ein av dei travlaste trommeslagarane i Noreg. I tillegg til samarbeidet med Brunborg og Taylor i Meadow, er han saman med Ståle Storløkken aktiv i duoen Humcrusch og med Iain Bellamy i den fleksible konstellasjonen Food. I tillegg held han gåande soloprosjektet Pohlitz.

I 2009 gav trioen ut CDen &quot,Blissful Ignorance&quot,, og i haust er det klart for innspeling av ny plate (som kjem på ECM våren 2013) og turn‚ på Den musikalske stamvegen. &quot,[Meadow] has produced one of 2011&#39,s likely jazz triumphs of the year… worthy of ECM label&#39,s greatest moments.&quot, GUARDIAN &quot,This is an album of sublime creativity that will stand the test of time…. they have created a classic.&quot, JAZZWISE MAGAZINE (UK)

Tore Brunborg – saksofonar
John Taylor – flygel
Thomas Strønen – trommer/ perkusjon

Billettsal i kiosken i kulturhuset eller på www.vosskulturhus.no.

Konserten er eit samarbeid mellom Vestnorsk jazzsenter (Den musikalske stamvegen), Voss Kulturhus og Vossa Jazz.

Les meir om: