Lastar Hendingar
Manu Katcé
Manu Katché

Manu Katché

  • Dette arrangementet er ferdig.
laurdag 28. mars

Kl 21:30

Manu Katché likar å setja saman band som kan få fram nye sider ved komposisjonane. Dette har han gjort med stor suksess sidan 2004 – kvart band bidreg til å setja sitt særpreg på musikken. Han har likevel valt å ta med seg Tore Brunborg nok ein gong. Som trommis treng han nokon som følgjer melodien i slagverket og i Brunborg har han funne sin «main man».

Sjølv om Katché er fødd og oppvaksen i Frankrike, så fann han fort tilbake til røtene i Vest-Afrika musikalsk sett, og den drivande, lette stilen har gjort han til ynda trommeslagar for folk som Peter Gabriel, Sting og Joni Mitchell i tillegg til sine mange eigne utgjevingar. Og er du ein av mange som har I took up the runes av Jan Garbarek i platespelaren, så er det Katché som held rytmen her.

Tore Brunborg – tenor- og sopransaksofon
Luca Aquino – trompet
Jim Watson – Hammond B3-orgel, piano
Manu Katché – trommer

OBS! Denne konserten inngår i billetten huskort laurdag.

ENGLISH
The legendary drummer Manu Katché is teaming up with local saxophone legend Tore Brunborg! Although Katché prefers to change his team he has come back to Brunborg, who he`s called his «main man» due to his abilites to follow melodically the drumming. Born and raised in France, Katchè soon discovered his West-African roots musically and his drive and surge has made him a favourite among people like Jan Garbarek, Peter Gabriel, Sting og Joni Mitchell.