Lastar Hendingar

Lars Vaular

  • Denne hending er over.
fredag 23. mars

Kl 23:00

Det er ti år sidan Lars Vaular slapp debutalbumet «La Hat», med Bergen-anthem’et «Eg E Fra Bergen» i spissen. Sidan då har han gong på gong befesta sin posisjon som ordsmed, hitmakar og liveartist av aller høgaste rang.

Utfordringa av normane innan hiphop-sjangeren er noko som definerer Lars Vaular som rappar og artist. Grensene mellom rap og song, hiphop og pop, kunst og underhaldning og gangster og mjuk mann vert viska ut i musikken til Vaular. Dette gjeld ikkje minst dei to nyaste mixteipane hans. I «Loading…» og «Loading…2» smelter uanstrengt ordkunst, hardtslåande rap, autotune-vokal, nostalgi, bosniske beats og pop-hooks saman til ein uimotståeleg heilskap. Me tek Vaular på ordet i «Loading Beat 03»:

Gangster vil være rapper
Rapper vil være gangster
Eg e verken eller
Eg e straigth kunstner

Me gler oss til å hoppe rett opp og ned med solbriller på saman med Lars Vaular under Vossa Jazz 2018!

Lars Vaular – vokal
Frode Kvinge Flatland – bass, synth
Kjetil Møster – saksofon, synth
Girson Dias – vokal

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

English:
It has been ten years since Lars Vaular emerged at the Norwegian hip hop scene. Since then he has become one of Norway’s most important artists. He is known for challenging the boundaries between rap and singing, hip hop and pop, and poetry and entertainment in a artistically refreshing and playful way.