Lastar Hendingar

Kulturkonferanse: Musikk sett i system

  • Denne hending er over.
fredag 26. mars

Kl TBA

 

I samarbeid med Norsk jazzforum, Norske Konsertarrangører, CREO og Voss herad inviterer Vossa Jazz til kulturkonferanse.

Kvar hamnar dei statlege kulturkronene på musikkfeltet? Det er mykje offentlege pengar i norsk
kultursektor, men korleis ser eigentleg fordelinga ut? Me fylgjer spora frå pengesekken ut i kulturlivet.

  • Marte Bjerke: Funn i strukturane i musikkfeltet
  • Samtale om organisering og verkemiddel i musikklivet
  • Debatt med Kristin Ørmen Johnsen (H), Åslaug Sem-Jacobsen (SP), Terje Breivik (V) og Freddy André Øvstegård (SV)
  • Anja Nylund Haugen: Digital ambivalens – norsk musikk i internasjonale markeder
  • ”Musikk sett i system?” Skråblikk ved Linda Eide
  • Smakebit frå årets Tingingsverk signert Ingebrigt Håker Flaten

Konferansier: Guri Solberg


Pris: 550,- (pluss billettgebyr), to-rettars lunsj på Park inkludert. Kjøp billettar hjå TicketCo.

Treng du overnatting? Ta kontakt med Park Hotel Vossevangen på 56 53 10 00 eller booking@parkvoss.no


 

Desse møter du på konferansen:

Anja Nylund Hagen jobbar i Norsk kulturråd si avdeling for kunnskapsproduksjon, statistikk og analyse. Med bakgrunn frå Universitetet i Oslo har ho forska på korleis digitalisering formar musikkbransjen og musikklivet, frå publikum sin bruk av strøymetenester til musikkbransjen som arbeidsstad for ulike aktørar.

Anette Trettebergstuen er frå Hamar og har representert Arbeiderpartiet på Stortinget sidan 2005. Ho er medlem av Familie- og kulturkomiteen og er Arbeidarpartiet sin kulturpolitiske talsperson.

Bugge Wesseltoft er ein norsk jazzmusikar frå Porsgrunn. Han har vore ei drivande kraft innan norsk jazz sidan 80-talet og har ein omfattande katalog med eigne utgjevingar, men har òg spelt med mange band og prosjekt i inn- og utland. I tillegg er han produsent, driv platesselskap og har vore aktiv gjennom musikkpolitisk arbeid og undervisning.

Freddy André Øvstegård har vore stortingsrepresentant for SV, for Østfold, sidan 2017. Han er medlem av Familie- og kulturkomiteen og Kontroll- og konstitusjonskomiteen. Øvstegård var student og nestleiar i Sosialistisk Ungdom før han vart valt til Stortinget.

Gry Bråtømyr er dagleg leiar for medlems- og interesseorganisasjonen Norsk jazzforum. Ho har tidlegare arbeida som fagansvarleg i Norske Konsertarrangører/ Norsk Rockforbund, jobba i Universal Music og har brei bakgrunn som konsertarrangør, manager, promotør, bookingagent og organisasjonsarbeidar.

Guri Solberg starta si programleiarkarriere i NRK, der ho leia fleire program på P3 og NRK2 før ho i 2004 blei henta til TV2.  Guri er journalistutdanna frå Høgskolen i Volda, og har også studert film- og litteraturvitskap.

Hans Ole Rian er forbundsleiar i LO-forbundet Creo, Noregs største kunstnarorganisasjon. Han har hovudfag i musikk frå Universitetet i Trondheim, samt studert dirigering og kulturadministrasjon. Han har fleire verv i norsk kunst- og kulturliv.

Jan Koop frå Stuttgart har vore solo-cellist ved Den Norske Opera & Ballett sidan 1997. Han er utdanna ved Universitet der Künste Berlin og Sibelius Akademi i Helsingfors. Sidan 2010 har Jan vore hovudtillitsvald for Creo ved Den Norske Opera & Ballett, nestleiar i Creo Oslo og representant i LO Stat fylkesutvalg Oslo og Omegn.

Kristin Ørmen Johnsen er frå Drammen i Viken fylke og er stortingsrepresentant for Høgre. Ho leiar Familie- og kulturkomiteen og var statssekretær i kommunal- og regionaldepartementet i 2001-2004.

Lars Petter Hagen er komponist og kurator. Han er tidlegare kunstnarisk leiar i Ny Musikk, festivalsjef for Happy Days Sound Festival og Nordic Music Days og direktør i Ultimafestivalen. Hagen var prosjektleiar for Oslo-Filharmoniens 100-års jubileum og er no utviklingssjef same stad. Han er også rådsleiar i Norsk kulturråd.

Linda Eide er journalist, forfattar, programskapar og programleiar.  Eide har utvikla fleire TV-program som Norsk attraksjon og Eides språksjov. I 2018 laga ho framsyninga Melodi Grand Jazz til Vossa Jazz, der synte ho at ho i tillegg til å ha språkleg kløkt også er habil både på blokkfløyte og saksofon.

Marte Bjerke er konstituert redaktør i Musikkultur. Ho har bakgrunn som journalist, musikar og musikkpedagog.

Terje Breivik frå Ulvik i Vestland fylke er parlamentarisk leiar for Venstre si stortingsgruppe. Han har vore på Stortinget sidan 2013 og før det var han generalsekretær i Venstre.

Tone Østerdal har vore dagleg leiar i Norske Konsertarrangører sidan august 2018. Før det jobba ho 15 år i fylkeskommunal forvaltning på kunst- og kulturfeltet. Østerdal har fleire styreverv i ulike delar av kulturbransjen.

Tonje Elisabeth Peersen er programsjef i Festspillene i Bergen, der ho starta som prosjektkoordinator i 2014. Ho kom frå stillinga som manager for eit norsk metalband og har vore turnéleiar, kurshaldar, produsent og dagleg leiar i eige produksjonsselskap.

Åslaug Sem-Jacobsen er frå Heddal og Notodden i Telemark og er Senterpartiet sin kulturpolitiske talsperson og er medlem i Eamilie- og kulturkomiteen på Stortinget.  Ho er utdanna journalist og har mellom anna vore reportar i kulturavdelinga og bygd opp og leia Musikkredaksjonen til Lydverket i sju år og vore musikkprodusent i P3.

Sjå www.vossadagane.no.