This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.


Kari Bremnes
1984, 1993, 1997, 1999, 2004, 2008, 2013 – ho er ein av dei artistane som verkeleg har prega festivalen vår med nydelege konsertar gjennom fleire tiår. No kjem Kari Bremnes tilbake med det flotte bandet sitt til Vossa Jazz sin 50-års-festival i 2023!
Nordvendt, europeisk, opent, stort, personleg og melankolsk – alle desse orda gjev gjenklang i Kari Bremnes sitt musikalske univers.
Den enorme musikalske og emosjonelle spennvidda hennar pregar Kari Bremnes Band og konsertane dei held. Frå det lyse og lette til det ganske mørke og rå, og heile tida med nærleik til folk og livsskjebnar.
Den folkekjære songaren og låtskrivaren frå Svolvær har skrive musikk i godt over 20 år, og ho har gjeve ut heile 15 soloalbum. Ho har i dag eit større publikum enn nokon gong, med ivrige konsertgjengarar og platelyttarar i fleire land over heile verda.
Medverkande:
Kari Bremnes – vokal
Bengt Egil Hanssen – tangentar
Børre Flyen – trommer
Petter Unstad – bass
Børge Petersen-Øverleir – gitar
Geir Østensjø – lydteknikar
Mats Ellingsen – lysteknikar