Lastar Hendingar

Jolajazz 2011

29. desember 2011 kl.18:00

Frå kl. 21:00 kan ein få oppleva desse banda:

  • MAO = Real Ones, Stg. Petter og HP Gundersen
  • KIM FAIRCHILD – med band
  • STILL CHANGING – eit annleis rockeband med unge, flotte musikarar
  • MARKHUS &amp, LID – visekameratar med vener på trekkspel og bass
  • DEMOLITION BAND – med Police-tribute

Billettsalet er i gang hjå Billettservice, www.billettservice.no / 815 33 133, Posten, Narvesen og i resepsjonen på Park. Pris kr. 350,- + gebyr/ kr 400 i døra.

Meir omtale banda:

MAO, dvs. heile Real Ones + Sgt Petter og HP Gundersen
Dette er band med monalege karrierar på kvar sin front og samansetjinga vert karakterisert som eit funn til den norske countryscena. På dei få, men eksklusive, konsertane bandet har gjort har mottakingane vore formidable. MAO starta som eit country-coverband i 2002 og har gjort sporadiske jobbar som Bergenfest 04, by:Larm 04, samt utselte hus på Soria Moria i Oslo og Kvarteret i Bergen. Bandet vart også tildelt den prestisjetunge jobben som husband på markeringa av det som ville vore 60-årsdagen til den avdøde og legendariske Gram Parsons. Ryktene går om at MAO har spelt inn ei fantastisk plate, men som dei førebels kun har delt med vener…

  • Ivar Vogt &ndash, gitar, vokal
  • David Vogt &ndash, fele, vokal
  • Jørgen Sandvik &ndash, gitar, vokal
  • ystein Skjælaaen &ndash, bass
  • Kåre Opheim &ndash, trommer
  • Sgt. Petter – vokal, gitar, tangentar
  • HP Gundersen &ndash, steelgitar&nbsp,

KIM FAIRCHILD er kjend frå musicalar, plate m/Billie Holiday-materiale, som vokalist med kjende jazzband osb. På Jolajazz vert det fokus på soulmusikk, mykje i grenselandet blues/soul/rock. Kim Fairchild er ein artist med ekte kjensler for denne musikken, og er kjend for å &quot,trøkke til&quot, på scena. Ho likar å kalle musikken sin for powersoul, og legg ikkje skjul på at artistar som Aretha Franklin og Randy Crawford er hennar førebilete.

  • Kim Fairchild – vokal
  • Lars Hammersland – tangentar
  • Oddvar Ekse – gitar
  • Torstein Norevik – bassgitar
  • Terje Solsvik – trommer

STILL CHANGING er eit annleis rockeband som leverer eitvariert uttrykk med ein særeigen sound. Blandinga av klassiske rockerif, fengande popmelodiar og funky groovar gir musikk som tilfredsstiller både intellektet og dansefoten! Bandet består av musikkstudentar med stor speleglede og ein unik kjemi som verkeleg kjem fram når gjengen inntar scena.
Denne gleda smittar fort over på publikum, og ingenting er viktigare for Still Changing enn å skapa ei unik konsertoppleving fylt med glede, dans, leik og rom for ettertanke.

Bandet har i den siste tida vore aktive på musikkscena i Oslo, og gir ut sin første EP i januar 2012. Som alt i denne verda er også Still Changing i stadig forandring, så akkurat kva som ventar rundt neste sving kan korkje bandet eller nokon annan svara på!

  • Marius Mørkve &ndash, vokal, gitar
  • Markus Agøy Sand – bass
  • Fredrik Bechensten – trommer
  • Magnus Dulsrud – tangentar
  • Erlend Haseth – saksofon
  • Vegard Sandbuk – trompet
  • Tora Hommedal Blikås – kor
  • Emil Johan Markussen – kor

MARKHUS &amp, LID. Visekameratane Knut Markhus og Lars Sveinung Lid har med seg Irene Tillung (frå m.a. Tindra) på trekkspel og sgaut Malm Geithus på bass. Snertne melodiar med eit tekstunivers som spenner frå uluthersk juletematikk til morbide kjærleiksdrama i norske dalar og finske skogar.

  • Knut Markhus &ndash, song
  • Lars Sveinung Lid &ndash, gitar og song
  • Irene Tillung &ndash, trekkspel
  • sgaut Malm Geithus &ndash, bass

DEMOLITION BAND har dei siste sju åra etablert seg som eitt av landets beste tolkarar av musikken til det legendariske New Wave-bandet The Police, og solokarriera til frontfiguren Sting. Med energisk og autentisk framføring av låtane leverer bandet ei solid hylling til desse legendene. Av tidlegare konserthøgdepunkt kan me nemna då Demolition Band spelte på nachspiel på Madam Felle i juli 2006 etter Sting-konserten på Koengen. Sting sjølv sat i baren vegg i vegg på SAS-hotellet &hellip, Kom og finn ut kva Sting gjekk glipp av då han ikkje kom inn på Madam Felle!

  • Helge Haugland – vokal og bass
  • Bjarte Aasmul – gitar og vokal
  • Dag yvind Rebnord – tangentar
  • Magne Trengereid – trommer&nbsp,

Velkomen til Joalazz 2011!

Les meir om: