Lastar Hendingar
Foto Sigrid Erdal

Jazzlinja i Trondheim: HELLO WORLD!

fredag 31. mars

Kl 16:30

Hallo…!
Haaallooo…?
HELLO WORLD!
Våren 2023 inviterer andreklasse på Jazzlinja ved NTNU til ei høgspent musikalsk oppleving!
Den digitale verda sitt inntog i kvardagen og kunsten påverkar oss som aldri før. Alle desse kalde, kjenslelause «nullane og einarane» har paradoksalt nok skapt nye musikalske uttrykk som resonnerer med menneske over heile verda.

Greier HELLO WORLD! å koma den digitale utviklinga i møte gjennom jazz, leiken improvisasjon og ungdommeleg energi? Den som kjem får sjå!

Medverkande:
Albert Støver Rygh – gitar
Anna Ueland – piano, synth
Bendik Løland Lundsvoll – kontrabass
Brede Sørum – saksofon
Emil Bø – trombone
Guro Kvåle – trombone
Hermann Arntzen Hestbek – tuba
Inga Mei Steinbru – trommer, perkusjon
Johannes Midbrød Elnan – kontrabass, el-bass
Niklas Heide – trommer, perkusjon
Odin Kristian Fiskvik – gitar
Oliver Skou-Due – piano, synth
Siv Aurlund – vokal
Tuva Viktoria Lundberg Olsson – trompet


Kjøp billett til gondolen for berre 100 kr t/r!

Gå til vossresort.no og vel billetten IttePaoSki