Lastar Hendingar

Jazzintro: Relling

  • Denne hending er over.
laurdag 24. mars

Kl 21:00

I samarbeid med Nattjazz, Maijazz, Kongsberg Jazzfestival, Moldejazz og Norsk jazzforum skipar Vossa Jazz til Jazzintro for 11. gong.

Jazzintro er eit lanseringsprogram for unge norske jazzmusikarar og bandet som går av med sigeren vil dei to påfølgande åra få ei lanseringspakke som inneheld konsertar på klubbar og festivalar i samarbeid med dei regionale jazzsentra. I tillegg får bandet eit arbeidsstipend frå Gramo på 150 000 kroner.

Relling er eitt av dei to banda som skal spela på Vossa Jazz.

Relling er eit splitter nytt band som spring ut frå Jazzlinja i Trondheim. Vokalist og låtskrivar Harald Relling Nielsen skriv låtar som spenner frå det sarte og lågmælte til det eksplosive og energiske. Besetninga plasserer bandet i eit særeige jazz-landskap, og bandet kombinerer rytmiske og tonale finessar med ærlege tekstar og fengande melodiar.

Harald Relling Nielsen – vokal
Vegard Lien Bjerkan – Hammond-orgel, synth
Tore Hodneland – gitar
Åsmund Mattias Smidt – trommer

Les meir om Jazzintro her.

English:
Jazzintro is a chance to see some of Norway’s most talented, young groups perform the jazz of tomorrow! Relling is a brand new band from the exciting jazz scene in Trondheim, with a musical expression that embraces both the tender and the explosive.