Lastar Hendingar
Mothman

Jazzintro: Mothman

  • Denne hending er over.
laurdag 19. mars

Kl 20:00

Jazzintro er eit lanseringsprogram for unge norske jazzmusikarar og bandet som går av med sigeren vil dei to påfølgande åra få ei lanseringspakke som inneheld konsertar på klubbar og festivalar i samarbeid med dei regionale jazzsentra. I tillegg får bandet eit arbeidsstipend frå Gramo på 150 000 kroner.

Til Vossa Jazz kjem Megalodon Collective og Mothman.

Mothman blandar progrock, jazz og samtidsmusikk på ein måte som gjer at du aldri veit heilt kor pulsen er, men allikevel får lyst til å danse. Bandet starta opp i Stavanger i 2010 – i år kjem endeleg debutplata!

Mads Røksund – gitar
Tarjei Lienig – rhodes, synth
Alexander Hoholm – bass
Martin Ulvin – trommer