Lastar Hendingar
Megalodon Collective

Jazzintro: Megalodon Collective

  • Denne hending er over.
laurdag 19. mars

Kl 20:00

Jazzintro er eit lanseringsprogram for unge norske jazzmusikarar og bandet som går av med sigeren vil dei to påfølgande åra få ei lanseringspakke som inneheld konsertar på klubbar og festivalar i samarbeid med dei regionale jazzsentra. I tillegg får bandet eit arbeidsstipend frå Gramo på 150 000 kroner.

Til Vossa Jazz kjem Megalodon Collective og Mothman.

Megalodon Collective er sett saman av nokre av dei mest sentrale og begava musikarane i Trondheim sitt kokande jazz- og impromiljø. Bandet har eksistert i eitt år og har allereie vorte Spellemannsnominerte for debutplata og spelt for fulle hus på Noregs jazzscener. Septetten byr på seg sjølv – friheit og individuelle initiativ tilstrebebast!

Håkon Aase – fele
Karl «Kalle» Nyberg – saksofonar
Petter Kraft – saksofonar
Karl Bjorå – gitar
Aaron Mandelmann – bass
Andreas Winther – trommer
Henrik Lødøen – trommer