Lastar Hendingar
Bernhoft & The Fashion Bruises til Vossa Jazz

Bernhoft & The Fashion Bruises

  • Denne hending er over.
sundag 20. mars

Kl 20:00

Jarle Bernhoft kjem til Vossa Jazz med si nye supergruppe «The Fashion Bruises»! Frå og med debutplata i 2008 har Jarle Bernhoft markert seg med ei utruleg stemme, fantastiske konsertar og innovativ låtskriving. Det er fristande å seie at det er noko unorskt over Jarle Bernhoft – han har eit nærvær, ein sjølvsikkerheit og eit talent som gjer det fristande å setta han opp mot artistar som Prince, Michael Jackson eller D’Angelo heller enn sine landsmenn.

At han høyrer til blant dei store vart klart då albumet «Islander» frå 2015 vart nominert til Grammy-pris i sjangeren R&B – dette er fyrste gong ein ikkje- amerikanar har fått ein nominasjon i denne kategorien. Den kritikerroste plata er blant anna inspirert av svensk pop, den banebrytande soulmusikken til Stevie Wonder og Sly Stone og Carole King sin intrikate folkrock. Her er det berre til å bestille billettar og setje ring i kalenderen – Vossa Jazz-konserten til Bernhoft & The Fashion Bruises kan ein ikkje gå glipp av!

Jarle Bernhoft-Sjødin – vokal, gitar, tangentar m.m.
Måns Mernstein – tangentar, kor
Hedvig Mollestad Thomassen – gitar, kor
Vemund Stavenes – bass, kor
Fredrik Wallumrød – trommer, kor

bernhoft.org

English
Jarle Bernhoft returns to Vossa Jazz with his new supergroup «The Fashion Bruises»! Since his debut in 2008 Bernhoft has impressed a growing fan base with his amazing voice, spectacular live shows and innovative song writing. There is something exceptional about his talent, presence and confidence – it’s as if Jarle Bernhoft belongs next to Prince, Michael Jackson and D’Angelo more than fellow norwegian contemporary artists. He does indeed play in the international league now: He recieved a R&B Grammy-nomination for his critically acclaimed album «Islander»(2015) – this was the first time a non-american got nominated in this category!