• This event has passed.
fredag 27. mar 2015

Hans Børli (1918-1989) fra Eidskog arbeidde heile sitt yrkesaktive liv som tømmerhoggar og derav tittelen på plata «Skogenes sang», som In The Country og Frida Ånnevik no vert rost opp i skyene for av kritikarar såvel som publikum.

Pianist og komponist Morten Qvenild har lenge hatt eit sterkt forhold til Børli sin lyrikk og står bak alle tonesetjingane på plata. Til prosjektet som vart framført fyrste gong på Nasjonal Jazzscene i 2012 vart In The Country kopla saman med steelgitarist B.J. Cole, i tillegg inviterte bandet Frida Ånnevik til å bidra med vokal. Valet kunne ikkje vore betre – hedmarkingen Ånnevik har sjølv fått mykje merksemd for tekstane sine og kjente sjølv eigarskap til dikta til Børli. «Nyskapende pianotrio og avslepen popvokalist tolker skogspoet med stoisk hedmarksmål og cutting edge musikkteknologi» skreiv Morgenbladet – me gler oss !

Frida Ånnevik – vokal
Morten Qvenild – piano
Roger Arntzen – bass
Pål Hausken – trommer

http://www.inthecountry.no/

OBS! Denne konserten inngår i billetten huskort fredag.

ENGLISH
The outstanding trio In The Country has teamed up with equally outstanding singer Frida Ånnevik as they proceed to interpret one of Norway`s best loved poets, Hans Børli. Their efforts has resulted in a critically acclaimed album and this material makes it way to Voss this year. Never boring with In The Country and if the laid-back, lush vocals of Frida Ånnevik is yet unknown to you, best reserve some time for this treat.