Lastar Hendingar
Foto Arturas Gailius

Husmann

  • Denne hending er over.
sundag 26. september

Kl 15:00

Korleis var livet på husmannsplassar i Hardanger i gamle dagar?

Kvemmadokkje er namnet på ein vakker og godt bevart husmannsplass frå omlag 1820, som ligg på Børsheim gard i Ulvik. Denne staden har vorte utgangspunkt for ei heilt spesiell musikkteaterframsyning, som vart urframført sommaren 2019.

Med manus skrive av den prisløna forfattaren Ruth Lillegraven frå Granvin, musikk komponert av dei fantastiske folkemusikarane Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim, skodespel av Morten Svartveit og Kjærsti Odden Skjeldal og folkedans av Torkjell Lunde Børsheim vart dette eit verk med kvalitet i alle ledd og sterk lokal og historisk tilknyting. Framsyninga var rett og slett altfor bra til å berre verte framført den eine gongen! (Til Vossa Jazz kjem Endre Hellestveit i staden for Morten Svartveit.)

Forfattar Lillegraven har dukka djupt ned i det historiske materialet, gjennom både skriftlege kjelder og lokale ressurspersonar. Ho jobba for å få til ei nyansert og røyndomstru skildring. Dette fortalde ho til Avisa Hordaland i førekant av urframføringa:

Det handlar om levde liv tilbake i tid. Men Husmann vert ikkje eit portrett av eitt menneskeliv. Det vert ei skildring av mange menneske og lagnader, og av ei tid og ein måte å leva på. Det var mykje hardt arbeid og fattigdom, men eg prøver å få fram at livet var meir enn det, også den gongen. Folk gjekk på fest, folk vart forelska, ungar vart fødde.

 

Rannveig Djønne – toradar
Annlaug Børsheim – feler, gitar, song
Endre Hellestveit – skodespel
Kjærsti Odden Skjeldal – skodespel
Torkjell Lunde Børsheim – folkedans

 

English
How was life in the crofts [small, rented farm] of Hardanger in the early 19th century? The award winning writer Ruth Lillegraven has teamed up with a great group of musicians, actors and dancers from Hardanger, to tell a story based on historical material from the life at Kvemmadokkje 200 years ago.

 

Sjå her for filmsnutt frå urframføringa