Lastar Hendingar

Horse With No Name

  • Denne hending er over.
fredag 23. mars

Kl 22:00

Kva skjer om ein foreiner futuristisk strupesong med suggererande, postapokalyptiske hesterytmar? Jo, då får ein sjølvsagt Horse With No Name – Noregs einaste strupesongband!

Bjørn Tomren er ein artist og underhaldar i verdsklasse – alle som har vore på konsert med polka-jodle-trekkspel-duoen Polkabjørn og Kleine Heine kan skrive under på det. Etter å ha perfeksjonert den edle jodlekunsten i over ti år innsåg Tomren at han måtte ha avveksling, for å ikkje verte gal. Han begynte i lære hjå den verdskjente strupesangkvartetten Huun-Huur-Tu, og har rukke å verte ein svært habil strupesongar. Han fekk med seg ein bronsehest (trøstepremie, ifølge han sjølv) heim frå VM i strupesong i den vekkgøymde russiske republikken Tuva i sommar.

Interessa for strupesong dyrkar Tomren i samspel med Hallvar Djupvik; ein vaskeekte, storslått operatenor tilknytta Den Norske Opera i Oslo, og Audun Humberset; framifrå trommeslagar med mastergrad i cubansk musikktradisjon som til dagleg er prosjektleiar hjå Vestnorsk Jazzsenter.

«Aust møter vest, taiga møter fjord, meningsfylde møter meiningslause og simulering møter falma kopi» – slik beskriv Tomren sjølv prosjektet. Det er ikkje anna å gjere enn å gle seg!

Bjørn Tomren – vokal, gitar, shrutiboks
Hallvar Djupvik – vokal, gitar
Audun Humberset – trommer
Hans Olav Molde – gitar

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

English:
«Horse With No Name» is what happens when you combine futuristic throat singing and post apocalyptical horse hoof rhythms! Bjørn Tomren is an elite musical entertainer, well versed in both yodelling and throat singing, and known as one half of the polkaduo Polkabjørn og Kleine Heine. He promises a great show of «east meets west» together with opera tenor Hallvar Djupvik and drummer Audun Humberset.