• Denne hending er over.
fredag 23. mar - 23:30

Dette er visjonær crossover-jazz som berre må opplevast. Svensk-kroatiske Goran Kajfeš og det utrulige «arkesteret» hans blandar ihop balkanbeat, samtidsjazz, psykedelisk prog, vestafrikanske rytmar og sør-amerikansk funk til ein vinnande mikstur. Jaga Jazzist-møter-Dungen-på-eksotisk-ferie-aktig!

Den strålande albumtriologien «The Reasons Why» (2013, 2015 og 2017) er svært passande titulert – her finn ein nemleg ein haug gode grunnar til å koma på konserten under Vossa Jazz. Platene inneheld ei rekkje innovative og leikne coverversjonar av så ulike artistar som Milton Nascimento, Tame Impala, Francis Bebey og Bernard Fevre.

Trompetist Goran Kajfeš spelar like leikent, elegant og genialt anten det er med soloprosjekt, i studio med Janet Jackson og Håkan Hellstrøm eller med bandet Oddrang. Han vann Nordic Music Prize i 2012, framfor andre nominerte som Björk og Ane Brun – det seier sitt!

Goran Kajfeš – trompet
Jonas Kullhammar – saksofon
Per “Ruskträsk” Johansson – saksofon, fløyte
Reine Fiske – gitar
Johan Holmegard – trommer
Tomas Hallonsten – orgel
Johan Berthling – bass

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

English:
Swedish Goran Kajfeš and his amazing «arkestra» mixes contemporary jazz, psychedelic prog, West-African rhythms and big band funk in a delightful and surprising manner. The great album trilogy «The Reasons Why» (2013, 2015 and 2017) consists of plenty of good reasons to not miss their Vossa Jazz concert, with innovative and playful cover versions of music from such diverse artists as Milton Nascimento, Tame Impala, Francis Bebey og Bernard Fevre.