• This event has passed.
laurdag 19. mar 2016

Vossa Jazz har bede Gabriel Fliflet om å laga ny musikk til Johannes Gjerdåker sine fabelaktige gjendiktningar av Robert Burns (1759-1796) sine tekstar. Den skotske poeten var ein foregangsmann for den romantiske poesien, og ei viktig inspirasjonskjelde for diktarar som Wordsworth og Shelley. Johannes Gjerdåker fekk Bastianprisen 1996 og Melsomprisen 1999 for det krevjande omsetjingsarbeidet.

Det nykomponerte verket til Fliflet har fått namnet Rose etter A Red, Red Rose – den mest kjende songen til Burns ved sida av Auld Lang Syne. Med utgangspunkt i danserytmar som gangar, vals, pols og reinlendar vil verket ha ein grunntone som kvilar i norske tradisjonar, men med vitjing av tonesprang frå fjernare himmelstrøk.

I spelet til Fliflet kan ein finne vendingar frå Hellas så vel som Hardanger, litt shetlandsk her og litt nordlandsk der, og gjerne ein god porsjon balkansk energi! «Melodiøst, men uventa» er Gabriel Fliflet sitt ideal.

Kirsten Bråten Berg – vokal, munnharpe
Anders Røine – langeleik, gitarar, banjo, fela, hardingfela, munnharpe, vokal
Gabriel Fliflet – trekkspel, piano, vokal

English
Vossa Jazz has asked Gabriel Fliflet to make new music to Johannes Gjerdåker’s award-winning translations of Robert Burns’ song poetry. The beloved Scottish poet was an important figure in early romanticism and a big influence on later poets like Wordshworth and Shelley.

The commissioned work has the title Rose, after Burns’ song A Red, Red Rose. The framework, instrumentation and rythm of the music is distinctly Norwegian, but Gabriel Fliflet’s unique style draws on a wide array of influences from traditional genres all around the world. «Melodic, but unexpected» is Gabriel Fliflet’s ideal.

http://www.gabrielfliflet.no/