Lastar Hendingar
Foto Andreas Fliflet
Foto Andreas Fliflet

Fliflet/Hamre feirar for eiga dør

fredag 26. mar kl TBA

Fliflet/Hamre feirar for eiga dør: 30 års-festframsyning med stjernevener

Påsken 2021 er det 30 år sidan dei to leikekameratane Gabriel Fliflet og Ole Hamre for første gong entra scena saman. Med ei ustanseleg oppdagarlyst og speleglede har dei strødd sine musikalske forundringspakker over land og strand. Med trekkspel, trommer, song og stepp og gryter!

Vossa Jazz har vore svært viktig for duoen, med fleire store, krevjande og til tider nokså eventyrlege oppdrag: Danske meistrar har knelt i kjole og kvitt framfor bilete av Sissel Kyrkjebø. Statsminister Stoltenberg har delt scene med serbiske professorar og smørsongarar. Militante nynorsk-songar har dundra ut over idrettshallen i polka-takt! Fliflet/Hamre har difor lyst til at hovudfeiringa skal skje på Vossa Jazz!

Dei lovar ei feiande konsertframsyning, der dei skjeler til historiske hendingar – med fokus på dei som har funne stad på Vossa Jazz – og dei har med seg utsøkte gjester: Rolf-Erik Nystrøm, Thea Hjelmeland og Linda Eide.

Det er duka for ei energisk festframsyning med andre ord!