This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.


Eldrejazz: Siril Malmedal Hauge & Jacob Young – «Chasing Sunsets»
- Denne hending er over.
I 2018 gav duoen ut debutalbumet «Last Things» som blei møtt av overveldande gode omtalar og respons frå eit samla pressekorps i inn- og utland. Dei har blitt omtalt som eitt av årets høgdepunkt i velrennomerte jazzmagasin verda over. Albumet vann Sølvprisen i det japanske Jazz Critique Magazine for Best Jazz Vocal Album i 2018, og blei i 2019 nominert til IMA i New York City i same kategori.
Duoen kom i 2020 ut med nytt kritikerrost album, «Chasing Sunsets», som m.a. blei løfta fram på lista til Disk Union (Japan) for «best records 2020». Musikarane er saman om produksjonen og har begge skrive ny musikk og bidrar på fleire instrument kvar, song kvar for seg og duett. I tillegg til å framføra klassikarar på sin eigen måte. Ein av Noregs flottaste jazzduoar!
Siril Malmedal Hauge – vokal. mandolin, ukulele
Jacob Young – vokal, gitar, gitalele