Lastar Hendingar

Eldrejazz: Helge och Polarna

  • Denne hending er over.
laurdag 24. mars

Kl 14:00

Sceneveteranen Helge Jordal treng neppe nærare presentasjon for kremen av Vossa Jazz-publikummet. Denne gongen tek han oss attende til glanstida til svensk visesong på 60- og 70-talet. Her vert det tur på trasiga skor, skrøner og dikt, og kanskje ein fuktig fest med Polaren Pär? Med seg på scena har Helge musikarar frå Valerina Fortes Orkester, bandet som har 68-årsgrense på konsertane sine, og som grunnla Eldrejazzturneen i 2016. Dei får ikkje nok, og gler seg vilt til å sjå att gamle vener på Voss!

Helge Jordal – vokal, seg sjølv lik
Johannes D. Maaseide – kappellmeistringskjensle, vokal, piano
Gunnar Emmerhoff – gitar på straum
Cato Eikeland  – lune smil, djup bass
Roy Inge Holtet – trommer så stilt han kan

English:
The famous Norwegian actor Helge Jordal performs this year’s Senior Jazz concerts together with members from Valerina Fortes Orchestra.