Lastar Hendingar

Dobbelkonsert: Hildegunn Øiseth Quartet og Gard Nilssen Acoustic Unity

  • Dette arrangementet er ferdig.
fredag 26. mars

Kl TBA

 

Hildegunn Øiseth Quartet
Våren 2020 kom Hildegunn Øiseth Quartet med ei ny plate,Manana, som betyr takk på pashto. Tittelen «Mañana» peiker mot fleire viktige element i musikken til Øiseth og kvartetten. Hildegunn Øiseth er ein søkande musikar med blikket vendt mot framtida, uredd og nysgjerrig i møte med det ukjende og framande. Etter musikkutdanning og fast engasjement i gruppa Bohuslän Big Band i Sverige, flytta ho til Sør-Afrika på slutten av 90-talet, der ho var medlem av gruppa Uhambo. Sidan den tid har halde fram med å hente inspirasjon i ulike verdshjørne, med fleire turar til Midtausten og land som Malaysia og Pakistan. I kvartetten, med nokre av dei finaste musikarane i landet, har ho funne eit utspring for inspirasjonen og den musikalske skapargleda si.

I møtet mellom det tradisjonelle norske bukkehornet og dei internasjonale inspirasjonskjeldene har Øiseth og kvartetten hennar skapt musikk som hevar seg høgt over landegrenser og kulturelle skilnader. Det musikalske uttrykket er prega av eventyrlyst, musikalsk innsikt og drøymande improvisasjon.

Hildegunn Øiseth – trompet, bukkehorn
Per Oddvar Johansen – trommer
Espen Berg – piano
Magne Thormodsæter – bass

 

Gard Nilssen Acoustic Unity
Sommaren 2019 vart ein skikkeleg tour de force for den travle supertrommisen Gard Nilssen, kjend frå band som Bushman’s Revenge, Cortex, Team Hegdal, Susanne Sundfør, Spacemonkey og Zanussi 5.

Som Artist In Residence for Moldefestivalen gjorde han reint bord med høgt energinivå og eit imponerande tal konsertar med ulike konstellasjonar. Etter festivalen kom to av banda hans ut med fantastiske plater: Bushman’s Revenge og Gard Nilssen Acoustic Unity.

To Whom Who Buys A Record var tittelen på plata til den sistnemnde trioen – eit stikk til lettvinte straumetjenestar og nedgangstidene i platebransjen. Dei som framleis eig ein cd- eller vinylspelar burde verkeleg sikre seg dette albumet. Det er leiken, heilstøypt og halsbrekkande (bokstaveleg talt: sjå video under!) akustisk triojazz, med frisk smak av 60-tal og hardbop. Det som verkeleg gjer inntrykk er kor makeleg og lett trioen får det heile til å høyrast ut, trass all energien og det teknisk svært høge nivået.

Det er ikkje berre Vossa Jazz som elskar den nye plata til Acoustic Unity – platemeldarane i dagspressa var like imponerte:

«Et av årets aller spenstigste jazzalbum» –Audun Vinger, Dagens Næringsliv

«To Whom Who Buys A Record er gjennomført balansekunst på høyt nivå. Acoustic Unity byr på kvalitet i alle ledd.» – Arild R. Andersen, Aftenposten

«Musikk som beviser at inspirasjon fra og andektighet for fortiden ikke er en tvangstrøye for ny kreativitet.» Chris Monsen, Klassekampen

Petter Eldh – kontrabass
André Roligheten – saksofonar
Gard Nilssen – trommer