Lastar Hendingar

Charlotte Dos Santos

  • Denne hending er over.
fredag 23. mars

Kl 00:15

Desember er tida for «årets beste»-kåringar på kultursidene i media. Ikkje overraskande stikk Charlotte Dos Santos av med mange pallplasseringar her. Debutplata «Cleo» kom som lyn frå klår musikkhimmel i sommar. Den delikate, jazza, sample-baserte soul-musikken til Dos Santos fekk det til å regne seksarar, og heva festivalsommaren frå ulike scenekantar for mange musikkelskarar. «I en rettferdig verden hadde Charlotte Dos Santos vært Norges bestselgende artist i år», skreiv Dagbladet då dei gav «Cleo» andreplassen i kåringa av beste album 2017.

Dos Santos er opphaveleg frå Oslo, med familierøter i Brasil, men har dei siste åra levd i New York og Berlin. Denne rikdomen av kulturelle tilknytingar gjer seg òg gjeldande i musikken, der søramerikanske tradisjonar, jazz, neo-soul og smakfulle beats blandar seg med samplingar frå musikkhistoria. Den vakre og varme vokalen hennar held elementa saman, og skapar ein fortryllande musikalsk heilskap. Me gler oss til konsert med Noreg si nyaste soulstjerne på Vossa Jazz!

Charlotte Hall Dos Santos – vokal
Jack Stephenson-Oliver – keys
James Rudi Creswick – bass
Jake Long – trommer

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

English:
Charlotte Dos Santos recieved rave reviews for debut album «Cleo» (2017). She combines soul, jazz, rare groove and afro latin influences with a warm sense of storytelling and an angelic voice. No wonder she is represented in every «Best artist of the year»-column in Norwegian newspapers this December!