Lastar Hendingar

Bra damer med Guri Solberg og Ruth Lillegraven

laurdag 25. sep kl 13:00

Sidan 2016 har Guri Solberg intervjua godt over hundre kvinner i podcasten Bra damer. Artistar,  skodespelarar, idrettsutøvarar og andre engasjerte kvinner har fortalt om familieliv, karriere, komplekser, sex og ambisjonar.

TV2-profil og journalist Guri Solberg har vakse opp på Voss, og jobba som frivillig på Vossa Jazz frå 1992 til 2003. Ho møtte også sin musikarmann på festivalen, og har dermed mange og sterke band til både bygda og festivalen.

På Vossa Jazz møter ho forfattar Ruth Lillegraven frå Granvin.

Lillegraven debuterte som forfattar i 2005 og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. Ho har m.a. skrive manus til Husmann som vert framført i kulturhuset sundag på festivalen. I 2018 kom den psykologiske thrilleren Alt er mitt – og tidlegare i år kom oppfylgjaren Av mitt blod.

I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd og Nynorsk litteraturpris for Sigd i 2016. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. To år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne, som blei nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok.

Tilskipinga er gratis, men hugs at du må ta ut billett! Det er avgrensa kapasitet.