• Denne hending er over.
sundag 25. mar - 13:30

Storbandet Loose Tubes revitaliserte britisk jazz på slutten av 80-talet. Dei blanda swing med ska og Eric Dolphy med Zappa på ein leiken og humoristisk måte og engasjerte eit bredt publikum. Mellom dei unge, framadstormande musikarane i orkesteret var Django Bates.

Bates er ein spontan, original, kompromisslaus og leiken multiinstrumentalist og innovativ komponist, som to gongar har vorte kåra til beste britiske jazzkomponist. Han har òg brukt mykje tid i nordiske kretsar, mellom anna i samspel med Bendik Hofseth, Marius Neset, Per Jørgensen og Sidsel Endresen. Han tek med seg Martin France, sin musikalske følgjesven sidan Loose Tubes-tida, som er å høyre på eit drøss innspelingar med verdas fremste musikarar.

Det fantastiske storbandet Bergen Big Band, som feira 25 år ifjor, skal òg få plass på scena. Dei har samarbeidd med internasjonale storleikar som Terje Rypdal, Karin Krog, John Surman og Andy Shepperd og har tatt Vossa Jazz med storm ved fleire høve sidan oppstarten.

Til konserten på Vossa Jazz lover dei like delar genialitet og kaos. Nydelege melodiar i ein augneblink og gjallende horn og ville saks-linjer i neste. Forvrengte sambaer og sleipe New Orleans-rytmar. Nye komposisjonar og perler frå Loose Tubes-tida. Og eit orkester med 21 glimrande musikarar med to britiske stjerner i spissen.

Saksofonar/treblås/fløyte:
Eddie Parker, Tor Yttredal, Frode Nymo, Ole Jacob Hystad, Elisabeth Lid Trøen, Kjetil Møster, Jan Kåre Hystad, Steffen Granly
Trombone:
Sindre Dalhaug, Øyvind Hage, Pål Roseth, Camilla S. Tveit
Trompet:
Martin Winter, Svein Henrik Giske, Are Ovesen, Tancred Heyerdahl Husø
Rytmeseksjon:
Django Bates – keyboard, horn, Thomas Dahl – gitar, Magne Thormodsæter – bass, Frank Jakobsen – perkusjon, Martin France – trommer

English:
Loose Tubes revitalized British jazz with their swing and ska influenced big band music in the late 80s. Django Bates, a highly skilled, original and playful multi instrumentalist, was among the young, talented members. He has been named «Best British jazz composer» twice, and is known well known in Scandinavia for collaborations with Bendik Hofseth, Marius Neset, Per Jørgensen and Sidsel Endresen. He comes to Vossa Jazz with his long time musical partner Martin France (who also played in Loose Tubes), and Bergen Big Band: One of Norway’s finest big bands, who just celebrated 25 years in the business.