I Cinclus cinclus møter du fire leikne og nysgjerrige musikarar, som elskar å lage rare, fine og underlege lydar og stemningar med instrumenta sine – eller med stemma og kroppen. Det beste dei veit er å opne øyre, hjarte og hovud for alle moglege ting som kan skje når ein møtest slik i ein konsert, og å ”snakke” og leike med dei som kjem for å høyre på gjennom lydar, rørsle og samspel. Det heile vert mest som ei spanande oppdagarferd, der musikken og lydane viser veg.
Cinclus cinclus er elles det latinske namnet på fossekall, ein uredd, leiken liten skapning med optimistisk låt.
Konserten er ei urframføring og er produsert av Vestnorsk Jazzsenter og Jazz North, med støtte frå Norsk Kulturråd.
Maja Bugge – cello
Matt Robinson – klarinett
Terje Isungset – perkusjon
Per Jørgensen – trompet, vokal
Hallgeir Frydenlund – kunstnarleg konsulent
English:
Cinculus cinculus is a brand new commissioned work for Children’s Jazz at Vossa Jazz. Open your ears, hearts and heads and join these great jazz musicians in their search for new, exciting sounds and experiences!