Badnajazz: Hekla Stålstrenga og Badnajazzkoret

sundag 28. mar - 13:00

Gjennom 15 år har Hekla Stålstrenga opparbeidd seg eit solid namn her til lands med si særeigne blanding av folkemusikk, viser og pop. Låtar som «Har du Fyr», «Folketonen», «Vise ved Vintersolkverv» og «Siste Sang» har for lengst gått inn i den norske visekanonen. Energi og leiken musikalitet blanda med humor, speleglede og svært kompetente musikantar – dette er suksessoppskrifta til Hekla Stålstrenga.

No har bandet for aller fyrste gong skrive ny Hekla-musikk for born, og dette blir det både konsertar og plate av. Musikken er bestilt av Vossa Jazz i samarbeid med Senja Barnefestival. Me ser fram til urpremiere på Vossa Jazz – saman med det strålande Badnajazzkoret. Songane tek oss med til «Skravla Gård», der må får møte finurlege karakterar som Sure Sjura, Flyndra Klaus og Feite Kveita Ellinor! Det vert besøk i oldemor sitt hus, båtbygging og snørydding òg.

Anne Nymo Trulsen – trøorgel, vokal
Ole-Jakob Larsen – trommer
Ragnhild Furebotten – fele, vokal
Tore Bruvoll – gitar
Trond-Viggo Solås – bass
Badnajazzkoret