Lastar Hendingar
Foto Helge Brekke
Foto Helge Brekke

Badnajazz: Hekla Stålstrenga og Badnajazzkoret

Trass pandemi og konsertpause i 2020 har Hekla Stålstrenga-gjengen brukt tida godt. Bandet har for aller fyrste gong skrive ny Hekla-musikk for born, og dette blir det både konsertar og plate av. Musikken er bestilt av Senja Barnefestival i samarbeid med Vossa Jazz. 

Songane tek oss med til Skravla Gård, der me får møte finurlege karakterar som Sure Sjura, Flyndra Klaus og Feite Kveita Ellinor! Det vert besøk i oldemor sitt hus, båtbygging og snørydding òg.

Me ser fram til urpremiere på Vossa Jazz – saman med vårt eige strålande Badnajazzkor, under leiing av Anne Siri Undeland Bauthus og Olav Undeland.

Anne Nymo Trulsen – trøorgel, vokal
Ole-Jakob Larsen – trommer
Ragnhild Furebotten – fele, vokal
Tore Bruvoll – gitar
Trond-Viggo Solås – bass
Badnajazzkoret
Elevar frå Gullfjordungen skule