• This event has passed.
laurdag 19. mar 2016

Finn-Erix er sjølvsagt alt for gode for denne jazzfestivalen. Likevel nedverdigar dei seg igjen til å delta, ti år etter at dei for første gong skjenka vossabygda eit besøk og presenterte FLESK – verdens første avbestillingsverk. Med sterk avsmak mot jazzen og alt den fører med seg, vel dei no å vende tilbake med eit nytt avbestillingsverk. Mest av alt fordi dei meinar vossingen har lidd nok. I årevis har han måtte sitja og høyra på statsfinansiert bedrevitarmusikk i ein kald idrettshall. Vossingen treng varme og velour. Og vossingen treng sikker veg. Difor – i tillegg til at det er ganske godt betalt, sjølvsagt – vender Finn-Erix tilbake med avbestillingsverket RAS.

Slik lyer pressemeldinga frå Finn-Erix. Eit populærokester som vart danna i 2003 i samband med radio- og tv-serien «Radio Røynda». Dei har spelt saman med alt frå Madrugada til Sissel Kyrkjebø og Bergen Filharmoniske Orkester. No kjem dei altså attende til Vossa Jazz med eit nytt «avbestillingsverk»!

Finn Tokvam – vokal
Odd Erik Lothe – stoveorgel
Halvor Folgerø – fagott

Til Voss tek dei med seg denne gjengen :
Sigbjørn Apeland – tangentar
Tarjei Strøm – trommer
Ståle Wick – gitar
Jan Erik Reknes – trompet, perkusjon
Ragnar Hovland

Billettar: Denne konserten er ein del av huskort laurdag.

English
The highly amusing pop-orchestra Finn-Erix returns to Vossa Jazz with a very special comissioned work. They are famous from their radio/tv show «Radio Røynda». RAS («Landslide») is somewhat of an anti-jazz spectacle, a gift to ears weary of complex contemporary avant-garde jazz music. People from Voss needs velour-wrapped warmth according to Finn-Erix – as well as a new, safe road to Bergen.