

Voss storband – bygda sitt eige, levande storband – har vore i drift sidan 1974, nesten akkurat like lenge som Vossa Jazz! Dei har vore ein sentral aktør i musikklivet i bygda, og mange av bygdas beste musikarar har utvikla seg i storbandet.
Stikk innom Gamlekinoen i firetida og få med deg denne gratiskonserten. Dei startar 16.15 og held på til 16.50. Med seg denne ettermiddagen har dei dirigent Are Ovesen. Han har leia Bergens ungdomsstorband i 20 år, han jobbar i Bergen Kulturskole og speler trompet i Bergen Big Band. Han er aktiv i jazzmiljøet, og speler blant anna med Michael Barnes Octet og Fredrik Saroeas kvintett.
Me gler oss stort til å høyra kva desse kokar i hop av jazza, mektig storbandmusikk!
Trompet: Trond Remme, Styrk Opheim, Lillian Dregelid Hjelmeland, Arild Hellesøy, Ingunn Vethe.
Trombone: Gunnar Lund Bjelkevik, Berit Veka, Arnhild Vethe, Birger Norderud Lærum.
Saksofon: Jan Tvilde, Rune Rønhovde, Laura Boven, Åse Marie Jordal.
Trommer: Steinar Røte.
Bass: Trond Matre.
Gitar: Bjørn Erling Sandnes.
Piano: Sindre Medhus.
Dirigent/trompet: Are Ovesen.
Vokal: Solhild Røen Gundersen.
Foto: Terje Nesthus