

Isbit er eit nytt, ungt band som har markert seg gjennom Urørt i P3
og som spelar jazzete atmosfærisk og funkete pop som dei skriv saman.
Dei meistrar kunsten å lage låtar som høyres ut som hitlåtar sjølv fyrste gongen du høyrer dei.
Med norske tekstar, avslappa beat og ein teft som tilhøyrer langt meir etablerte band var valet lett, me måtte invitera dei til Vossa Jazz.
Bandet har sluppe 3 singlar i 2025 og er på veg opp og fram, det er det liten tvil om.
Ellida Hol Meling – vokal
Herman Liene – trompet
Nathaniel Strømsvold – piano/synth
Hector Hammer – gitar
Sondre Scheffler – bass
Sofus Gauksås – trommer
Foto: Zoey Christine Retzius
Denne konserten får du med deg dersom du har festivalpass eller dagspass laurdag.