Vanskeleg å velje eit tredje bokstavrim, vanskeleg å legge to og to saman, generelt vanskeleg å skrive ingressen til saka om årets tingingsverk «Sense, Organ, Motion» av Kjetil Møster. Då er det trygt å ty til eit sitat av trompetlegenden Miles Davies: «The thing to judge in any jazz artist is, does the man project and does he have ideas». – Kor sitatet kjem frå spelar kanskje inga rolle. Det viktige er at det i denne samanhengen seier noko sant.
«This is not a concept» song Sofia Jernberg, og forsikra frå fyrste låt om at dei ikkje var der for å hjelpe publikum finne meining. Er det morosamt? Er det skummelt? Er det ekte, eller er det ein draum? Kanskje kan ein trekke liner mellom årets tingingsverk og det kaotiske livet. Noko likar me, anna ikkje, noko skjønar me, anna ikkje, noko er rart, noko er klart, noko er planlagt, – men ein stor del er improvisert!
Den dryge timen med musikk var full av kontrastar. Frå kulokk og hardingfele med barokkboge frå Benedicte Maurseth til trommepad og opprømt perkusjon frå komponisten på alle fire, – ein av landets beste og mest ettertrakta saksofonistar vel å merke. Me fekk eit gjenhøyr med duoen Anja Lauvdal på piano, synth og elektronikk og Ole Morten Vågan på bass, som spelte saman i Inazuma på opningskonserten. Hans Magnus Ryan, kjent frå Motorpsycho, bistod med akustisk (disko)gitar, elektronikk og vokal, før ein etterlengta elgitarsolo mot slutten av konserten. Med trompeten stod Eivind Lønning, og bak eit gigantisk trommesett sat sjaven, Gard Nilssen.
Litt uvelkoment solskin forsikra oss om at det låg ei ekte og handfast verd der ute, og éin einaste feed minte oss om at lyden (skal me seie heldigvis?) kom frå ei scene og ikkje sitt eige hovud.
Symre Taugbøl Bang

Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz