Lastar Hendingar
Flilfet/Hamre m/Bergen Big Band

Fliflet/Hamre + Bergen Big Band

  • Denne hending er over.
sundag 29. mars

Kl 13:00

Ole Hamre og Gabriel Fliflet har samla folk rundt den usannsynlege samansetjinga trekkspel/trommer/Balkan i over 24 år.

Dei fleste steinar er snudde når det gjeld musikalsk eksperimentering, men dette gjenstår: no slår dei seg saman med fantastiske Bergen Big Band. Bandet har eksistert sidan 1991, men har røter heilt tilbake til 70-talet og er nok kjende for dei fleste som har gått på Vossa Jazz. Seinast sist festival vitja dei med den svenske komponisten Lars Jansson, eit verk dei har framført i både inn- og utland, seinast under London Jazz Festival i november 2014. Repertoaret for kvelden med Fliflet/Hamre er enno ikkje fastsett, men er det så nøye? Dette blir glimrande uansett! Eller for å bruka Gabriel Fliflet sine ord: «Blåserekker skal gjalle, belger skal briste og slagverk velte. Velkommen!»

Gabriel Fliflet – trekkspel, vokal
Ole Hamre – slagverk, vokal
Bergen Big Band
Bandleiarar: Dag Arnesen og Magne Tormodsæther
Saksofonar: Jan Kåre Hystad, Tor Yttredal, Ole Jacob Hystad, Zoltan Vincze, Michael Barnes
Trompetar: Are Ovesen, Tancred H. Husø, Svein Henrik Giske, Børge Styve
Tromboner: Sindre Dalhaug, Øyvind Hage, Pål Roseth, Camilla Tveit
Komp: Dag Arnesen – piano, Petter Asbjørnsen – bass, Ivar Kolve – vibrafon, Frank Jacobsen – trommer

I haust mista Bergen big band ein markant musikalsk leiar og eit flott menneske. Han betydde mykje for mange, også Vossa Jazz. Kvil i fred, Olav Dale.

http://www.fliflethamre.no/
http://vestnorsk.jazzinorge.no/bergen-big-band/