Lastar Hendingar

Valkyrien Allstars

  • Dette arrangementet er ferdig.
laurdag 25. september

Kl 23:15

OBS! Til denne konserten kan du kjøpa enkeltbillett eller billett som òg inkluderer konserten til Hedvig Mollestad Trio (2 i 1: Hedvig Mollestad Trio og Valkyrien Allstars).

Valkyrien Allstar er her framleis – takk og pris! Dei er eitt av landets desidert beste liveband, og har sidan oppstarten i 2007 vore pådrivarar og pionerar innan utviklinga av moderne, arrangert folkemusikk!

Bandet har dratt i nye retningar for kvar utgjeving, og har enda opp med eit særeige, potent og spanande uttrykk som dei ikkje deler med nokon.

På det komande albumet hvordan kan man ta det rolig uten å kjede seg blandar dei pop og rock med norsk tradisjonsmusikk som aldri før, med strålande tekstar, energi og overraskende vendingar på ei seng av det som vanskeleg lar seg simulera: gnistrande samspel. Me gler oss stort til å sjå og høyre dei på scena i Vossasalen under årets Vossa Jazz!

Tuva Syvertsen – fele, voka
Magnus Larsen Jr – bass
Erik Sollid – fele
Martin Langlie – trommer
Steffen Telstad – lysdesign
Øystein Etterlid – lyddesign

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.