Billettsalet er i gang hjå Billettservice, www.billettservice.no / 815 33 133, Posten, Narvesen og i resepsjonen på Park. Pris kr. 350,- + gebyr/ kr 400 i døra.
MAO, dvs. heile Real Ones + Sgt Petter og HP Gundersen
Dette er band med monalege karrierar på kvar sin front og samansetjinga vert karakterisert som eit funn til den norske countryscena. På dei få, men eksklusive, konsertane bandet har gjort har mottakingane vore formidable. MAO starta som eit country-coverband i 2002 og har gjort sporadiske jobbar som Bergenfest 04, by:Larm 04, samt utselte hus på Soria Moria i Oslo og Kvarteret i Bergen. Bandet vart også tildelt den prestisjetunge jobben som husband på markeringa av det som ville vore 60-årsdagen til den avdøde og legendariske Gram Parsons. Ryktene går om at MAO har spelt inn ei fantastisk plate, men som dei førebels kun har delt med vener…
KIM FAIRCHILD er kjend frå musicalar, plate m/Billie Holiday-materiale, som vokalist med kjende jazzband osb. På Jolajazz vert det fokus på soulmusikk, mykje i grenselandet blues/soul/rock. Kim Fairchild er ein artist med ekte kjensler for denne musikken, og er kjend for å ",trøkke til", på scena. Ho likar å kalle musikken sin for powersoul, og legg ikkje skjul på at artistar som Aretha Franklin og Randy Crawford er hennar førebilete.
STILL CHANGING er eit annleis rockeband som leverer eitvariert uttrykk med ein særeigen sound. Blandinga av klassiske rockerif, fengande popmelodiar og funky groovar gir musikk som tilfredsstiller både intellektet og dansefoten! Bandet består av musikkstudentar med stor speleglede og ein unik kjemi som verkeleg kjem fram når gjengen inntar scena.
Denne gleda smittar fort over på publikum, og ingenting er viktigare for Still Changing enn å skapa ei unik konsertoppleving fylt med glede, dans, leik og rom for ettertanke.
Bandet har i den siste tida vore aktive på musikkscena i Oslo, og gir ut sin første EP i januar 2012. Som alt i denne verda er også Still Changing i stadig forandring, så akkurat kva som ventar rundt neste sving kan korkje bandet eller nokon annan svara på!
MARKHUS &, LID. Visekameratane Knut Markhus og Lars Sveinung Lid har med seg Irene Tillung (frå m.a. Tindra) på trekkspel og sgaut Malm Geithus på bass. Snertne melodiar med eit tekstunivers som spenner frå uluthersk juletematikk til morbide kjærleiksdrama i norske dalar og finske skogar.
DEMOLITION BAND har dei siste sju åra etablert seg som eitt av landets beste tolkarar av musikken til det legendariske New Wave-bandet The Police, og solokarriera til frontfiguren Sting. Med energisk og autentisk framføring av låtane leverer bandet ei solid hylling til desse legendene. Av tidlegare konserthøgdepunkt kan me nemna då Demolition Band spelte på nachspiel på Madam Felle i juli 2006 etter Sting-konserten på Koengen. Sting sjølv sat i baren vegg i vegg på SAS-hotellet &hellip, Kom og finn ut kva Sting gjekk glipp av då han ikkje kom inn på Madam Felle!
Velkomen til Joalazz 2011!